– Ravens har lik som oss variert veldig i årets serie, men kan vise til gode prestasjonar mot sterke lag som f.eks. Larvik, Fana og Sola. Vi veit at det er et tøft lag å møte, men vi har også lyst til å vise at vi gir ikkje så enkelt frå oss poeng på heimebane, fortel Halli som har analysert forsvarsspelet i kampen mot Larvik. – Vi tok eit klart steg framover i forsvar mot Larvik, men dessverre så sleit vi veldig med returløpa gjennom heile kampen. Det viser seg at Larvik scorer 8 mål i etablert angrep 6-mot-6 i fyrste omgang der to av måla var pasningar inn på strek der vi rett og slett gløyme å følgje med. I andre omgang så scorer Larvik berre tre mål første 20 min i etablert angrep. Resten kjem stort sett frå kontringar og i ankomstfasen. Larvik scora til saman 11 mål dei fyrste 50 minutta frå etablert angrep, noko som betyr at vi står veldig bra bakover når vi kjem oss heim i forsvar. Problema ligg i at vi slit veldig med returløpa. Dette skuldast at det av og til er det for dårlege avslutningar på mål, men også at vi rett og slett ikkje spring fort nok heim. Så angrep og returløp blir eit fokuspunkt før søndagen, lovar Halli.

Ravens er klar for tøffe tak

Sesongen så langt har variert mykje for vår del, fortel Ane Mällberg som er hovudtrenar for Romerike Ravens. Mällberg har god kjennskap til Volda. – Eg har spelt fleire kampar mot Volda i tidlegare klubbar eg har vore trenar for. Volda spelar bra og krigar heile vegen, og har vist frå start at dei er ein vanskeleg motstandar for fleire lag. Sjølv om det er tøft å spele borte mot Volda, er det alltid god stemning å kome dit så det gler vi oss til, fortel Mällberg.

Optimistisk Halli

Samanlikna med kampen mot Molde, så meiner voldatrenar Halldór Stefán Haraldsson at kampen mot Larvik var ei klar forbetring på fleire områder. -Vi håper på å ta endå eit steg framover mot Ravens. Volda er det einaste laget i serien ved sidan av Vipers som har eit snitt på over 1000 tilskoderar, så vi håper vi kan få skikkeleg god støtte på tribunene frå heimepublikum søndag, avsluttar Halli.

Kampstart i Volda campus Sparebank1 arena er søndag 18. desember klokka 18.00. I pausen vil det bli song av Louise Engeseth som vi trur vil setje publikum i julestemning.