På papiret var Åmdal store favorittar før møtet med Haddal. Heimelaget stod med tre strake sigrar på Legene så langt i sesongen, medan Haddal hadde berre tatt eitt poeng på bortebane. Likevel hadde bortelaget vist gryande form den siste tida.

– Vi spelte ein dårleg kamp mot Haddal. Vi merka det på oppvarminga at bana burde ha vore klipt. Vi sleit med å få pasningane til å nå fram, og dette førte til at tempoet i kampen vart svakt. Det vart mykje duellar, og der var Haddal større og sterkare enn oss. Vi fekk ikkje spele på våre premissar. Ballen spratt frå oss, og det var frustrerande. Eg trur ikkje det stod på vilja, men rett og slett på evnene våre, seier spelande trenar Svein Erik Grevsnes.

To stolpeskot

Haddal fekk den første store sjansen i første omgang då dei avslutta i stolpen frå skrått hald. Bortelaget utnytta det svake tempoet i kampen, og at Åmdal slo ein del feilpasningar som dei kunne kontre på. Heimelaget skapte ikkje all verda med målsjansar i første omgang, men var nære på då Kristian Sirnes vart spelt gjennom av Kai Robin Myklebust og avslutta i stolpen. Då ingen av laga klarte å utnytte sine sjansar gjekk laga til pause på stillinga 0–0.

– Spelte dårlegare enn vi hadde håpt på

I andre omgang kom Bjørn Osdal på bana på heimelaget, og klarte å skape litt furore i bortelaget sitt forsvar. Same mann vart takla i feltet, og Åmdal ropte på straffe. Dommaren valte å ikkje blåse. Ti minutt før slutt vart det ein duell i feltet til Haddal etter eit frispark. Anders Molnes fekk etter kvart avslutta, og sendte Åmdal i føringa. Målet gjorde at Haddal la seg høgare opp i bana i jakta på utlikning. Då det nesten var spelt 90 minutt fekk bortelaget eit frispark, som vart lempa inn i feltet. Torbjørn Sande gjekk ut for å bokse vekk ballen, men ein Haddal-spelar fekk pannebrasken på ballen før Sande og utlikna. Dermed fekk ikkje Åmdal revansj for tapet i første serierunde, og det vart eitt poeng til begge lag.

– Vi spelte dårlegare enn det vi hadde håpt på førehand, og Haddal viste seg å vere betre enn det tabellposisjonen tilseier, oppsummerer Grevsnes.

– Avslutte med positive resultat

Åmdal ligg framleis på topp i sjette divisjon, og har ei luke på tre poeng ned til Sunnylven på andreplass.

– Eg er ikkje nøgd utan at vi vinn kvar kamp med det laget som vi har. Vi leier framleis, og det er kjekkare enn om vi hadde vore tre poeng bak. No har vi eit par kampar til før ferien som vi håpar endar med eit positivt resultat. Så vert det første nøkkelkampen mot Sunnylven rett etter ferien, seier Grevsnes.

Tre kampar før ferien

Åmdal skulle eigentleg ha sommarferie etter kampen mot Haddal, men har flytta tre haustkampar fram til vårsesongen. Kommande fredag vert det bortekamp mot Tjørvåg, før Hareid 2 gjestar Legene 26. juni. Bortekampen mot Kvamsøy/ÅVK er også flytta fram til 30. juni.