I utgangspunktet hadde ikkje Kristine Eikrem Engeset tenkt å delta i innandørs NM i Stangehallen i helga. Ho valte å stille og SK Vidar-løparen sikra seg gull både på 1.500 m og 3.000 m

– Det var veldig kjekt, og det er ein bonus sidan eg ikkje har planlagt nokon innandørssesong. Det er kjekt for klubben og det er kjekt å få eit avbrekk i treninga for min del. Det gjev også motivasjon for vidare trening for utandørssesongen.

Gjennom prestasjonane i helga er ørstingen også teken ut til å representere Noreg i Nordisk meisterskap i Finland komande helg, og ho skal springe 3.000 m. NM-gullet på 3.000 m vann ho på tida 9,21,66 føre lagvenninne og sambygding Silje Fjørtoft.

– Tidsmessig er eg godt nøgd med 3.000 m. Det kjendest lite kostbart, og eg føler at eg har mykje inne. Eg har mykje basetrening i kroppen, og lite fartstrenings. På 1.500 m kjende eg at det skulle ha vore meir fart, men eg gjekk for gull og sprang ikkje på tid. I Finland vert det kjekt å sjå om eg kan få ned tida enno meir på 3.000 m.

– Målet er EM i Sveits

Eikrem Engeset kom tilbake frå eit treningsopphald i Kenya for nokre veker sidan. No vert det konkurranse i Finland til helga, og helga etterpå er det ny tur til Kenya. Hovudfokuset har ho på utandørssesongen, og målsetjinga er klar.

– Målet er EM i Zürich i august. Eg må kvalifisere meg, men det skal gå bra med ei normal oppkøyring. No vil eg bruke tida framover til å få trent godt, og halde fram på den vegen eg er no.

Sesongen i fjor vart delvis øydelagt av ei leddbandsskade, men no er ørstingen skadefri.

– Alt er berre bra. Eg har ingen skader og eg er veldig motivert. Teamet eg har rundt meg i SK Vidar med trenar Frank Evertsen er bra.

Eikrem Engeset tykkjer det var ekstra kjekt av Fjørtoft sikra seg sølv på 3.000 m og bronse på 1.500 m.

– Vi byrja med friidrett så å seie i lag då vi var 14–15 år. Ti år seinare konkurrere vi framleis i Stangehallen som vi gjorde under m.a. UM og Bamseleikane. Det tykkjer eg er kult.