– Det er ein stor helsegevinst med å spele golf. Spel golf, og du lever lenger. Vi har det veldig bra her i Volda, og mange har stor nytte av å vere med på golfbana. Det er også plass til mange fleire, seier leiar Harald Indresøvde i Volda golfklubb.
Golfklubben startar no opp eit prosjekt som har fått namnet «Golf og helse». Folkehelsekoordinatorane i Volda og Ørsta støtter prosjektet, og målet er å få enno fleire til å nyte helsegevinstane frå golfbana.
– Vi vil utvide tilbodet til pensjonistar og andre som kan spele på dagtid, men på golfbana i Volda kan ein spele frå tidleg til seint. Lengda på bana vår er 4.750 meter, men du går det dobbelte av dette. Så totalt 9,5 km i løpet av ei runde på 18 hol. Du har rundt 15.000 steg og bevegelsane er i tillegg varierte, seier Indresøvde.
Helsegevinstar
Ei runde på 18 hol tek rundt fire timar, og kaloriforbruket ligg på rundt 1.500 kcal. Gjennomsnittleg vil pulsen ligge på rundt hundre slag i minuttet.
– Ei runde golf vil betre kondisjonen, influere positivt på kolesterolnivået, redusere livmålet og gje psykisk velvære.
– Reiste på golfbana då energien kom tilbake
Ein av dei som nytta golfen til å kome tilbake i kvardagen er Sverre Berge Hustad. I februar i fjor fekk han hjertestans under ei brannutrykking. Han hadde eit trøblete sjukeopphald på Åse der dei ikkje fann kva som feila han. Han vart så sendt til Trondheim før han returnerte til Volda sjukehus.
– Eg var fjorten kilo lettare, og kunne ikkje gå då eg kom til Trondheim. Etter eit raskt opphald i Volda gjekk eg ut av sjukehuset, og opptreninga på Mork gjekk også raskt. Du kjem i eit vakuum, og du går heime før du kjem deg til igjen. Eg gjekk lengre og lengre turar, og med det same eg kjende at energien kom tilbake reiste eg på golfbana. Eg budde her nesten i 4–5 månader. Eg trefte folk, arbeidde litt og kosa meg nesten kvar einaste dag. Miljøet her er veldig bra, og du treff ikkje spydige folk, seier Hustad som også er ein golfentusiast.
I dag er Hustad hundre prosent frisk, men tida på golfbana i Volda gjorde at han kom til hektene igjen raskare.
– Rehabiliteringstida gjekk fortare då eg var her. Om eg skulle gå rett inn i hovudarbeidet mitt igjen trur eg det hadde bremsa meg.
– Fin trim
Av dei som spelar golf i Volda er aldersspennet frå 20-åra og opp til 80-åra. To av dei som er litt høgare opp på aldersskalaen, men som likevel nyt tida på golfbana er Odd Saur (75) og Tor Brenne (78).
– Golf er fin trim. For to år sidan vart eg operert for tjukktarmskreft, og det var godt å vere på golfbana i tida etter operasjonen. Om vinteren er eg på Åmskaret annakvar dag, og når tilhøva ligg til rette er eg på golfbana ein fast dag i veke. Då får eg teke meg ei runde og trena litt samtidig, seier Saur.
– Skulle ikkje byrje med golf
For Brenne var det ikkje aktuelt å byrje med golf då han gjekk inn i pensjonisttilværet.
– Eg sa at eg i alle fall ikkje skulle byrje med golf då eg vart pensjonist. Eg vart gåande rundt huset, på butikken og skulle eg ha noko trim vart det å gå på Sætra. Eg måtte ha noko meir, og då vart det golf. Eg har mykje glede av turane i Vassbotnen. Ofte tek sykkelen med på ferja, og så har eg golfbagen min ståande her. Det er rett og slett eit eldorado her. Eg har mange venner som også er pensjonistar, og eg skulle gjerne hatt dei med hit. Eg er sikker på at dei ville fått mykje glede av det, seier Brenne.
Kommande laurdag inviterer golfklubben til open dag der ein vil kunne få meir informasjon om golf og miljøet rundt klubben. I tillegg låner klubben ut utstyr og tilbyr lett introduksjon.