Då fekk han overrekt Kongeleg selskap for Norges Vels medalje for meir enn tretti års samanhengande og fortenestefullt arbeid hos same arbeidsgjevar. I 35 år har Koppen vore tilsett i kommunen, og arbeidsstaden har vore rådhuset.

– Erling har vore mannen ein kjenner att på rådhuset. Han har arbeidd både i den gamle og den nye delen. Det er imponerande at ein er på same arbeidsstaden i meir enn tretti år, og det er ei stor glede å overrekkje Erling denne medaljen, sa varaordførar Paul Kristian Hovden då han overrekte medaljen under eit samkome i rådhuskantina.

Erling Koppen byrja på rådhuset 17. februar 1978. Den fyrste stillinga var eit vikariat for ein annan vikar.

– Men ein dag kom tidlegare rådmann Per Hovden til meg og spurte om eg ynskte fast jobb, og det taka eg ja til, fortel Erling.

Sentralbordet

Han var tilknytt sentralbordet, og han fekk ansvaret for postomdelinga på rådhuset. I dei fyrste åra var han i det gamle rådhusbygget, før han i 1982 flytta til det då nye rådhusbygget, og tok med seg sentralbordet dit.

– Det har vore mange oppgåver gjennom tidene. Ei stund hadde eg ansvaret for å klippe ut frå aviser alt som stod om Ørsta kommune, og eit år selde eg t-skjorter for Dei nynorske festspela i tillegg til dei vanlege oppgåvene, fortel Erling.

Gjennom tida på rådhuset har han opplevd åtte ordførarar, og ei rivande teknologisk utviklinga.

– Sentralborda har vorte skifta ut etter kvart som ny teknologi har kome, fortel Koppen.

På rådhuset har Koppen vore eit muntrasjonsråd. I pausane har han kome med gode historier, og spesielt då Rorbua-programma gjekk på NRK attfortalde Erling vitsane i kantina dagen etterpå.

– Sjølv om det ofte var vanskeleg å kome til poenget fordi Erling byrja å storflire ei stund før han kom til poenget, sa Agnar Jetmundsen.

Han og fleire andre gav Erling godord på samkomet torsdag, og i tillegg til Norges Vels medalje, vart det også gåver frå tilsette og frå kommunen.