Det gjekk ein time på Høddvoll søndag før det kom skåring. Etter trykk frå heimelaget sendte Fredrik Austnes vertane i føringa. Espen Standal burde ha dobla leiinga ti minutt seinare, men avslutninga gjekk like utanfor. Etter 76 minutt dobla Eirik Ulland Andersen leiinga etter flott kombinasjonsspel, og kampen var punktert. Andreas Rekdal hadde sjansen til å auke leiinga fire minutt før slutt, men cupfinalehelten klarte ikkje å overliste Follo-målvakta. Dermed tok Hødd tre fortente poeng.

Eitt poeng opp

Stabæk møtte Ranheim borte søndag. Heimelaget tok leiinga etter 18 minutt ved Jo Sondre Ås, og hadde sjansar til å auke leiinga utover i omgangen. Like etter at Hødd hadde teke leiinga på Høddvoll, reduserte Stabæk. Med 1–1 mot Ranheim har Stabæk berre eitt poeng ned til Hødd med ein kamp igjen av sesongen. Hødd har betre målforskjell enn Stabæk. Om Hødd spelar uavgjort eller vinn siste seriekamp mot Mjøndalen borte, samtidig som Stabæk taper mot Adeccoliga-meister Bodø/Glimt heime, vil Hødd vere klare for Tippeligaen. Om Hødd ikkje skulle klare direkte opprykk vil dei uansett spele kvalifisering til Tippeligaen.

Mykje står på spel før siste serierunde som vert spelt komande søndag.