Volda og Ørsta har to samarbeidslag i G17-klassa under årets utgåve av DanaCup. Onsdag morgon var Volda/Ørsta 1 i aksjon mot danske Blokhus i 16.-delsfinalen i a-sluttspelet. Volda/Ørsta 1 tok føringa i kampen tidleg. Det var jamt mellom laga i ei lengre periode, men det var Volda/Ørsta 1 som produserte mest sjansar. Sondre Beite sette inn 2-0 etter 42 minutt. Håkon Opsal la på til 3-0 før Stian Finnøy fastsette sluttresultatet til 4-0. Rapportane frå Danmark seier at spelarane var veldig på i kampen, og hadde god struktur i spelet sitt. Blokhus skapte to store sjansar i kampen, og Volda/Ørsta 1 hadde 12-13 sjansar. Stemninga i laget er god, men ein spelar har vorte sjuk og ein er småskadd. Elles vert det rapportert om flott vêr, og både voldingar og ørstingar kosar seg. I 8.-delsfinalen møter Volda/Ørsta 1 brasilianske Interclubes. Kampstart er 14.30. Om laget tek seg vidare til kvartfinale vert det tre kampar på laget i dag. Kvartfinalene startar 20.20 i kveld.

Volda/Ørsta 1 vann også gruppa si. Det vart 9-0-siger mot Hjørring, 8-0-siger mot svenske Skogsbo-Avesta og i siste kamp vart makedonske Sharri slått 3-1. Dermed vart det ein suveren gruppesiger med full pott og ein målforskjell på 20-1.

For Volda/Ørsta 2 vart det uavgjort 0–0 i første kamp mot danske Tarup Paarup tysdag. Onsdag vart det 0-3-tap mot norske Driv. I siste kamp mot skotske Clachnacuddin onsdag ettermiddag vart det 0-2-tap. Volda/Ørsta 2 er klare for b-sluttspel, og møter Fitjar i 16.-delsfinalen i dag klokka 13.20.

Til a-sluttspel

Volda og Ørsta har også samarbeidslag i G15-klassa. Mot Trauma tysdag vart det 3-0-siger. I andre kamp vart det uavgjort 2–2 mot London Athletic. Siste kamp i gruppespelet var mot svenske Vendelsö. Den enda uavgjort 1-1, og med andreplass i gruppa er laget klar for 32.-delsfinale torsdag. Motstandar er tyske Olfen SuS, og kampstart er klokka 12.10.

Fire poeng på dei to første kampane

Ørsta sitt G14-lag opna med 1-5-tap mot Forus & Gausel tysdag. Seinare same dag vart det 3-2-siger mot polske Boruta Zgierz. Nannestad var motstandar i siste kamp i gruppespelet onsdag ettermiddag. Før kampen låg Ørsta godt an til avansement med ein andreplass i gruppa, og med 4-0-siger tok Ørsta seg til a-sluttspelet. Sandefjord er motstandar i 32.-delsfinalen torsdag.

Jentelaga til b-sluttspel

J14-laget til Volda fekk tøff motstand i gruppespelet. I første kamp vart det 0-1-tap mot norske Torridal. Amerikanske Lake Norman slo Volda-jentene 5–0 i andre kamp, og i siste kamp vart det 1–3 tap mot Bærums Verk. J14-laget møter danske Fortuna Hjørring i 16.-delsfinalen i b-sluttspelet torsdag. Tøff motstand vart det også for J16-laget til Volda. Egersunds IK slo Volda-jentene 3–1 i første kamp. Lake Norman vann andre kamp 1-0, og Brummundal vann siste kamp med same siffer. J16-laget møter svenske Skara i 16.-delsfinalen i b-sluttspelet torsdag.