Kampfakta: Ålesund HK – Volda HK  22 – 30  (11 -15)

Fagerlihallen: 200 tilskodarar

Volda: Runa Vik, Inger K.Volden, Marie H.Nilsen 1, Malene Aambakk 6, Elena Dale 1, Marte Øvreeide 1, Anna Krumsvik 1, Malene Vatnehol, Kristine H.Vike 3, Aukse Vysniauskaite 8, Eva Bjørk 1, Linn Berg 3, Rita K.Rise,Stine J.Andersen 5.

Toppskårarar Ålesund : Elin S.Tveter 9, Caroline Helgesen 6, Kaja J.Årskog 4.

Uvisningar: Ålesund 1 x2min, Volda 1 x 2min.

Domarar: Malin Sørli Døsvik/ Ida H. Finseth – meget god dømming.

Før kampstart hadde  Voldatrenar Alfred Finnsson studert videoar av Ålesund sine kampar i Trondheim sist helg. Taktikken var dermed klar; ein måtte stoppe innspela til  Ålesund sin gode strekspelar Kaja Årskog. Greidde ein det ville mykje av forsvarsjobben vere gjort.

God Voldaopning

Med  taktikken klar og fokus på den defensive jobben,  opna  Volda klart best og fekk sett forsvaret skikkeleg frå start. Det gjekk heile åtte og halvt minutt før første Ålesundskåring kom då hadde Volda alt putta fem mål bak Ålesundkeeper Linda Skår. Etter ti minutt stod det 6–1 og det såg verkeleg stygt ut for bylaget. Ålesundtrenar Buchardt måtte ta ein  time-out og  greidde å samle byjentene  litt samtidig kom ei svak Voldaperiode der spelarane slurva fælt i angrep. Tre – fire kontringsmål brakte Ålesund opp på 9–11. Trenar Finnsson gjorde eit par justeringar og særleg kom Aukse Vysniauskaite sterkt i denne perioden. Resten av omgangen styrte Volda og dei gjekk til pause med 15–11 leiing.

Punkterte kampen

Bylaget opna best etter pause å greidde å få kontakt på 14–16.  Ålesund la etter kvart ut frimerke på både Aukse Vysniauskaite og Malene Aambakk. Det lukkast dei heller dårleg med. Fleire Voldaspelarar melde seg på og ein fekk skåringar frå alle posisjonar.  Særleg kom Malene Aambakk sterkt utover i 2. omgang.  Ålesundspelarane gjekk etter kvart tome og det blei for veikt i angrep. Volda sette utover i omgangen inn fleire og fleire utkvilde spelarar, desse svekka på ingen måte laget.

Volda auka leiinga frå to til åtte mål og hadde full kontroll resten av kampen.

Stine og Runa best

På Volda spelte strekspelar Stine J. Andersen ein god kamp både i forsvar og angrep. Fem skåringar blei det på henne, i tillegg batt ho godt saman midtforsvaret til Volda.  I mål hadde Runa Vik ein god kamp med fleire klasseredningar og  ein høg redningsprosent. Utover i kampen fekk også mange av dei yngste spelarane prøve seg og fekk nyttig speletid på dette nivået. Heile ti spelarar teikna seg på skåringslista.

Best på Ålesund var dei to 16-åringane Caroline Helgesen og Elin Sunde Tveter.

Finnsson fornøgd

Trenar Alfred Finnsson var svært tilfreds med sigeren og meinte at Volda var eit klart betre lag enn Ålesund.

– Vi var sjølvsagt spente før kampen. I eit lokaloppgjer kan alt skje, men vi fekk ein god start og kampen inn i vårt spor. Ålesund kjempa godt og hadde eit par unge lovande spelarar som skapte litt problem for oss.

Finnsson og dei andre Voldaspelarane trivst på toppen av tabellen og ser no framover til to etterlengta heimekampar før jul. Av dei ni kampane til no i sesongen, har seks vore bortekampar. Først møter dei Heimdal om to veker i Voldahallen. Helga etter er det Strindheim som står for tur.

Publikum i Volda har verkeleg noko å sjå fram til.

Voldaspelarane takka dei mange tilreisande frå Volda/Ørsta som var med på å skape stor stemning i Fagerlihallen laurdag. Her glade Voldaspelarar etter kampen.Frå venstre: Inger K.Volden, Kristine Vike, Stine J.Andersen, Rita-Kristin Rise, Malene Vatnehol, Anna Krumsvik, Elena Dale, Aukse Vysniauskaite, Linn J.Berg, Marie H.Nilsen, Marte Øvreeide, Eva Bjørk, Malene Aambakk og Runa Vik.
Stine J.Andersen leverte årsbeste mot Ålesund og vann duellen mot Ålesund sin gode strekspelar Kaja Årskog.