– Vi veit eigentleg ikkje noko anna om kveldens kamp enn at vi skal spele på kunstgrasbana på Hasundgot, og det trur eg ikkje er i vår disfavør. Vi kan nyte godt av å spele på ei god kunstgrasbane, framfor ei dårleg grasbane, seier spelande trenar Svein Erik Grevsnes.

Åmdal har ikkje noko uttalt mål om å vere med i kampen om opprykk til femte divisjon, men Grevsnes trur at klubben skal vere med i toppen av sjette divisjon.

– Vi rykte ned frå femte divisjon i fjor, men vi har minst ein like god stall i år som i fjor. Så eg trur at vi skal vere eit av dei tre til fire beste laga i divisjonen, seier Grevsnes.

– Ein målsnik

I fjorårets sesong skapte Åmdal mange sjansar, men var ikkje så effektive framfor mål. Fleire nye spelarar har kome til klubben, og nokon av dei kan vere med på å auke utteljingsprosenten på sjansane.

– Joakim Giske er ein målsnik, og han skåra alle tre måla våre mot Hovdebygda/Volda 2 i førre veke. Dette er ein spelar som vi har mangla litt av tidlegare, og han kan vere løysinga for oss. Anders Molnes har kome frå Vigra der han var toppskårar med elleve mål i fjor. Viss han som flankespelar kan levere dei same prestasjonane for oss, er det ein god tilvekst. Han har også vist at han er teknisk god, og har ein god forståing for spelet. Kristian Sirnes er også ny av året, og er ein midtbanespelar med god løpskraft. Alle skryter av at han er lett og enkel å spele med, og han er med på å gjere spelet vårt sikrare og meir kreativt, seier Grevsnes.

Unge lokale spelarar

I tillegg til nye spelarar utanfrå er det også nye unge og lokale talent i stallen.

– Vi har eit par nye og unge Åmdalingar i Ole Martin Tonheim og Anders Aam, og dette er minst like viktig for klubben som gode spelarar utanfrå. Det er svært gledeleg å ha med unge og lokale spelarar. I tillegg til desse forventar eg også at Kai Robin Myklebust får seg ein god sesong. Så det ser ikkje så aller verst ut for oss, seier Grevsnes.

– God kjensle

Sesongoppkøyringa har ikkje gått hundre prosent etter planen, men Grevsnes seier at ein no gler seg til sesongstart.

– Vi har spelt fleire gode treningskampar mot betre motstand, men vi har også spelt mindre gode kampar. Alt i alt så har vi ei god kjensle no når det er seriestart.