Volda  må dermed ta ein ny sesong i 2. divisjon. Fana og Hønefoss vart klare laurdag, medan Nerbø og Rygge møttest til ekstrakamp søndag. Her vann Rygge 27–26.

Nerbø–Volda 29–28 (12–16)

Åreåsenhallen, Moss.

Volda: Runa Vik, Astri Ingebrigtsen, Malene Aambakk 3, Elena Dale, Marte Øvreeide, Anna  Krumsvik, Kristine Vike, Aukse Vysniauskaite 12, Eva Bjørke 2, Linn J. Berg  5, Rita Kristin Rise, Stine J. Andersen, Kaisa Holsvik 2, Line S. Hagen 4.

Toppskårarar Nerbø: Silje Gausland 9

Utvisingar Nerbø: 2 x 2 min, Volda 2 x 2 min

Domarar: Tommy Andre Eriksen/Ismet Kvakic

Volda  var ikkje heldig med kampoppsettet og fekk to kampar på fire timar. Tidleg laurdag møtte dei Nerbø frå Jæren, eit rutinert og fysisk sterkt lag som burde stå godt til Volda sin spelestil.   Ramma for kampen var den aller beste. Begge lag stilte med store supportergjengar som laga stor stemning på tribunen  og skapte ei uforgløymeleg stemning i hallen.

Svak opning

Det var Nerbø som kom best i gong og etter  seks minutt stod det 5–0 på måltavla. Volda-spelarane sleit både i angrep og forsvar og det var tydeleg at dei var prega av studens alvor.  Trenar Alfred Finnson måtte tidleg leite fram time-outkortet for å gjere taktiske endringar.  Etter kvart  fekk laget skikk på både angrep og forsvarsspel og snudde 6–10 til 11–10 leiing. Derifrå og fram mot pause var det Volda som styrte kampen og kunne gå i garderoben med 16–12 leiing. Eit skår i gleda var det at Volda sin storskårar Malene Aambakk fekk ein smell i handleddet og blei kraftig redusert resten av kvaliken.

Spanande 2. omgang

Dei mange Volda-supporterane var nok spente på om Volda  ville greie å halde trykket resten av kampen. Det greidde dei ikkje. Nerbø opna best og reduserte Volda si leiing til to mål. Dette stod seg fram til 22-20, ei Volda utvisning brakte Nerbø opp på 22–22. Derifrå og ut blei det svært spanande. Laga held følgje fram til 27–27. Dessverre for Volda var det Nerbø som til slutt stakk av med begge poenga.

Runa god i mål

Dette var ein kamp Volda heilt klart burde ha vunne. Laget spelte ein heller svak kamp og har nok levert mange  kampar  som har vore betre enn dette gjennom sesongen.  Fleire sentrale spelarar hadde ein dårleg dag både i angrep og forsvar.  Heldigvis for Volda leverte Runa Vik ein stor kamp i mål og var god å ha då det svikta i forsvar.  Aukse Vysniauskaite spelte seg stort opp etter ei svak opning og var best  av utespelarane.  Også Line S. Hagen gjorde det bra då ho kom inn på slutten av 1. omgang.

Fana–Volda  31 -21  (16-11)

Åreåsenhallen, Moss.

Volda: Runa Vik, Astri Ingebrigtsen, Malene Aambakk 2, Elena Dale, Marte Øvreeide, Anna  Krumsvik 1, Kristine Vike 1, Aukse Vysniauskaite 6, Eva Bjørke 1, Linn J. Berg  2, Rita Kristin Rise, Stine J. Andersen 3, Kaisa Holsvik 1, Line S. Hagen 4.

Toppskårarar Fana:  Birgitte Karlsen Hagen 10

Utvisingar  Fana: 1 x 2 min, Volda 2 x 2 min

Domarar:  Kim-Andre Hette / Vidar Larsen

Berre to og ein halvtime seinare  var det ny kamp for Volda. Motstandar var Fana som var den største favoritten i denne kvalifiseringa. Dei hadde ikkje spelt tidlegare på dag og hadde nok ein klar fordel her.  For Volda vart kampen vinn eller forsvinn noko jentene var klar over då dei  gjekk på bana.

Jamt i 20 minutt

Det blei ei jamn opning på kampen og ein såg ikkje dei store skilnadene på laga.  Volda var godt med i kampen dei første 20 minutta og låg to mål bak. Frå 9–11 og ut omgangen var det Fana som fekk overtaket og det kontringssterke laget utnytta tekniske feil i Volda-angrepet og dei kunne gå til pause med 16–11 leiing.

Fana punkterte kampen

Skulle Volda kome inn att i kampen, måtte dei ha ei god opning av 2. omgang.  Det lukkast dei ikkje med. Det var Fana som held fram der dei slapp før pause og auka til 20–11 før første Volda-skåring kom.  Resten av kampen blei eit pliktløp.  Både Volda og Fana lot fleire spelarar få sleppe til og det var ingenting å seie på at Fana til slutt vann med ti mål.

God keeper

Runa Vik leverte nok ein kjempekamp mellom stengene og var Volda sin beste spelar i kvalifiseringa. Mot Fana fekk ein  i periodar sjå flotte prestasjonar av  Volda-spelarane, men også i denne kampen var det fleire som ikkje hadde dagen. Utover andre omgang fekk ein også  problem med tempoet til Fana som har eit svært godt lag på gong.

Flott publikum

Sjølv om det ikkje gjekk vegen på bana for Volda-damene, held  dei  talrike Volda-supporterane stemninga på tribunen heile kampen. Dette sette Volda-spelarane stor pris på og takka dei for støtta etter dei to kampane.

– Dette gav meirsmak

Både for spelarar, trenarar og støtteapparat vart kvalifiseringa ei positiv oppleving.

– Denne kvalifiseringa har gitt oss mykje viktig lærdom. Marginane var ørsmå og denne gongen var dei ikkje på vår side, sa trenar Alfred Finnson etter laurdagens kampar.

– Vi har gjennomført ein fantastisk sesong og er sjølvsagt  skuffa over at det ikkje heldt til 1.-divisjonsspel denne gongen, men det gav meirsmak og er noko vi vil oppleve igjen.

Dette var første gongen Volda var i kvalifisering for 1. divisjon og få lag greier det i første forsøk. Dei fleste  lag brukar  både to-tre forsøk på å gå til 1. divisjon. Hønefoss som var eit av laga som rykte opp, greidde det i tredje forsøk, i fjor var det dei som var eit mål unna.

Forsterkningar til neste sesong

I dei komande to-tre vekene blir det jobba hardt for å planlegge ny sesong.  Trenar Alfred Finnson held fram som hovudtrenar og skal i denne  veka i dialog med alle i dagens spelargruppe.

– Vi må ha ei snarleg avklaring på kven som held fram og kven som skal flytte på seg.  Tre–fire stykke veit vi skal vekk på skule og like mange tel på knappane om dei skal satse vidare på dette nivået.   Vi er  i kontakt med  spelarar som kjem til Volda.  Tre–fire  blir  tekne opp frå jenter 16. Det kan også bli aktuelt å ta kontakt med to-tre aktuelle spelarar om det skulle bli behov for det.

Line S.Hagen kom inn mot Nerbø og markerte seg med fire fine skåringar.