I ein målrik første omgang der laga veksla om å vere ileiinga, var det Volda som avslutta best og kunne gå til pause medtremålsleiing. Midsund valgte å sette frimerke på Kristine H.Vike etter pause.Dette reduserte slagkrafta i Voldaangrepet noko som  brakte heimelaget opp i ryggen og forbi Voldamot slutten.  Men to skåringar av MariaUlla og Anette Berg ordna  bortepoeng forVolda.

Gode målvakter

Voldatrenar Turid M.Bakke var fornøgd med det eine poenget .

– Vi spelar eingod 1.omgang offensivt, litt svakare etter pause då Midsund sette frimerke påKristine H.Vike. Litt av slagkrafta i angrepsspelet  forsvann då.

Bakke vil trekke framkeeperspelet til Anita Gaarder og Tina M.Karlsvik.

– Begge desse bidro sterkttil at vi kunne reise heim med poeng i dag.

Av utespelarane var dei tretoppskårarane Kine Kvalsund, Kristine H.Vike og Anette Berg solide.

– Dei sto på bana nesten heile kampen ogviste at dei har eit godt treningsgrunnlag. Dei presterte både i angrep ogforsvar.Med dette poenget avanserte Volda2 til ein sjetteplass på tabellen, berre trepoeng bak topplaga Kolstad og Orkanger. No er det to veker til neste kamp som er mot  Kolstad i Voldahallen. Med siger i den erVolda eit av topplaga i 3.divisjon.

Kampfakta:  Midsund –Volda 2      25 -25 (13-16)MidsundhallenVolda: Anita Gaarder, Tina Marie Karlsvik, Mari Buckholm, Maria Ulla 2, AndreaEikås 1, Anette Berg 5, Jenny Nilsen, Kristine H.Vike 6, Rita-Kristin Rise 2,Eilin B.Jensen 3, Kine Kvalsund 6.Domarar:Odd L.Larsen / Frode Munkhaug.