Med siger både til Åmdal, Langevåg og Hovdebygda måtte Vartdal ta tre poeng mot Sykkylven for å følgje laga over på tabellen. Dette var første heimekampen for Vartdal denne sesongen, og laget hadde eit ynskje å starte sesongen på Remen med siger.

Sykkylven stod med tre strake sigrar etter tapet mot Langevåg i serieopninga, og var på jakt etter tre poeng slik at luka til nettopp Langevåg ikkje vart for stor. Kampen opna jamt utan at nokon av laga klarte å skape dei store sjansane.

Sykkylven hadde ballen mest, men klarte ikkje å spele seg fram til sjansar. 16 minutt ut kampen fekk Rolf-Audun Vartdal den første skikkeleg sjansen i kampen, men han fekk ikkje skikkeleg kraft i avslutninga etter oppspelet frå Anders Vartdal. Tre minutt seinare fekk Vartdal nesten ein identisk sjanse, men også denne gongen var det for lite trøkk i avslutninga.

Vartdal i føringa

Sykkylven heldt fram med å køyre kampen, og Damien Cruz fekk i ein periode god tid sentralt på midtbana til å styre spelet. Farlegheitene som Sykkylven kom til ordna Vartdal-forsvaret og målvakt Thomas Gjerde opp i.

35 minutt ut i kampen kasta Arthur Vartdal Midtgaard langt inn i feltet. Frank Gjerde stussa, og ein umarkert Geir Arne Kaspersen sette ballen i mål frå sju meter. Etter skåringa vart det for meste stillingskrig mellom laga, og dermed gjekk laga til pause med Vartdal i føringa 1–0. I førsteomgang vart det også fleire avbrot i spelet grunna mange gule kort, og både spelarar og støtteapparat frå begge lag var frustrerte med kampleiaren.

Sykkylven snur

I andreomgang pressa Sykkylven frå start og jakta utlikning. Heimelaget forsvarte seg godt, og det vart ikkje dei store sjansane for Sykkylven. Ti minutt ut i omgangen fekk Vartdal sin tredje sjanse for kampen, men avslutning gjekk utanfor. Tjue minutt ut i omgangen fekk Sykkylven hjørnespark. Alexander Aure fekk gå opp aleine, og stanga inn utlikninga. Etter målet opna kampen seg litt meir opp. Sykkylven flytta laget høgare opp i bana på jakt etter skåring, og dette gav meir bakrom for Vartdal. Då det var spelt rundt 25 minutt vart Steffen Roth takla i feltet, og Vartdal fekk straffespark. Kaspersen sette ballen over frå straffemerket, og dette var Vartdal sitt tredje brent straffespark på to kampar. Bortelaget heldt fram med presset sitt, og nokon minutt etter straffemissen vart Lars Kristian Hjelseth spelt gjennom. Gjerde kom på halvdistanse, og Hjelseth lobba Sykkylven i leiinga.

Feilaktig mål og annullering

Etter ein halvtime kom Vartdal seg fri på venstresida. Ballen gjekk ein halv meter over dødlina, og Sykkylven-spelarane stoppa opp. Det gjorde ikkje Vartdal, og dommaren lot spelet gå. I feltet venta Kaspersen som sette ballen i vinkelen frå åtte meter på vakkert vis, og laga var like langt igjen. Eit par minutt seinare kom Vartdal seg fri på venstresida nok ein gang. Han spelte ballen sidevegs til Frank Gjerde som kom på løp bakfrå, og på ope mål sette Gjerde ballen i mål. Jubelen stilna rask då dommaren feilaktig annullerte målet for offside. Annulleringa skulle likevel ikkje få så mykje å seie. Med eitt minutt igjen av ordinær tid fekk Vartdal innkast langt framme på bana. Ballen hamna i beina på Vartdal som på sin fjerde sjanse for dagen endeleg fekk teljande resultat, og Vartdal var i føringa 3–2. Sykkylven satsa alt på utlikning, men Vartdal stod imot og sikra seg dermed tre viktig poeng.