– FNF Møre og Romsdal har tidlegare teke opp utfordringa ved at kunstgrasbaner for fotball forureinar natur. Ein ting er utfordringa ved bygging av nye kunstgrasbaner, men kva skjer når desse banene skal bytast ut og renoverast?, spør koordinator Ingbjørn Bredeli i FNF Møre og Romsdal i eit skriv til fleire kommunar i Møre og Romsdal. Mellom dei Ørsta og Volda.

FNF Møre og Romsdal viser til at fleire kunstgrasbaner dei siste åra er rehabilitert.

– Vi er noko usikre på kva som skjer ved denne rehabiliteringa av dei nedslitne kunstgrasbanene ved handtering, ved lagring, ved gjenbruk og ved destruksjon. Korleis skjer dette, og er dette i tråd med forureiningslova?, spør Bredli.

Mellom kommunane som får spørsmåla, er Ørsta og Volda kommunar. Det vert vist til at kunstgrasbanene ved både Ørsta stadion og Volda stadion har fått nytt dekke dei siste åra.