Det var ei jamn opning på Sæbø stadion mellom Sæbø og Åmdal måndag kveld. Heimelaget hadde eit lite overtak, men klarte ikkje å få ballen i mål. Etter ti minutt sendte Anders Molnes Åmdal i føringa på eit frispark frå 20 meter. Ikkje lenge etterpå ville Sæbø ha straffespark på det dei meinte var hands, men dommaren blåste ikkje. Svein Ivar Moltu fekk også eit mål annulert då ballen spratt opp i handa. Midtvegs i første omgang auka Alexander Nalbant leiinga for Åmdal, og bortelaget kunne gå til pause med ei 2-0 leiing.

Det skulle ikkje ta lang tid i andre omgang før Åmdal auka leiinga igjen. Etter eit hjørnspark frå Molnes stang Yngve Frøland ballen i eige mål. Kristian Sirnes ordna 4-0 før Joakim Giske sette inn Åmdal sitt femte for dagen. Sæbø satsa meir offensivt i andre omgang, og det gjorde at Åmdal fekk større rom offensivt som dei utnytta godt. Mot tampen av kampen fekk endeleg Svein Ivar Moltu ballen i mål for heimelaget, og fem minutt før slutt reduserte også Sindre Sandbakk. Måla kom for seint for Sæbø sin del, og dermed kunne Åmdal notere seg tre nye poeng.

Sjå reaksjonane til trenarane, og høgdepunkt frå kampen i videoen.