For tredje året på rad arrangerte Ørsta IL fotball og Volda TI fotball Kiwi Hallcap, og inviterte lag frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til Volda og Ørsta. Både gutar og jenter frå totalt 147 lag var i aksjon i løpet av helga. I Kiwihallen var seks lag i aksjon til ei kvar tid på tre ulike baner. For dei unge spelarane vart det oppturar og nedturar, men smila var aldri langt unna og innsatsen på bana var det ingenting å utsette på.

– Det er godt over hundre spelarar og foreldre fordelt på seks lag som står på for at dette skal eit best mogleg arrangement. For Ørsta IL fotball er det kjempeviktig å få til slike arrangement, og vi må rette ein takk til dei som stiller og gjer dette til eit flott arrangement, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta IL fotball.