- Viss du hadde sagt til meg i går at vi skulle slå Hønefoss med tjue mål hadde eg ikkje trudd på deg. Eg veit at vi er gode, men i dag får vi brukt breidda i laget, held oppe tempoet i 60 minutt og held eit høgt nivå, ikkje toppnivå, heile kampen. Eg er utruleg nøgd med kampen. Vi er i ein utviklingsfase og eg vonar at vi no vil halde dette nivået vidare i sesongen, seier Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.

Volda stod med ti strake sigrar på sine ti kampar i 2. divisjon avdeling 3 i 2017. Hønefoss som var motstandar søndag låg på 3. plass på tabellen. To poeng skilde laga før oppgjer søndag, men Hønefoss hadde spelt tre kampar meir. I motsett oppgjer i fjor haust var det lenge tett mellom laga, men Volda drog i land sigeren.

I Voldahallen var vertane i føringa 4-0 etter seks minutt og hadde kontroll på kampen frå start. Midtvegs i omgangen skåra Patricia Correia sitt andre mål i kampen og gav Volda leiinga 11-3. Hønefoss hadde ingenting å stille opp med mot vertane, og i store delar av 1. omgang var det einvegskøyring. Pernille Ingebrigtsen skåra Volda sitt attande mål før pause, og laga gjekk i garderoben på stillinga 18-6 favør heimelaget.

Kampbiletet endra seg lite etter kvilen. Sjølv med mykje rotasjon i laget dominerte Volda, og klarte å straffe Hønefoss på dei feila dei gjorde. Ti minutt før slutt skåra Thea Sturludottir Volda sitt trettiande mål i kampen, og heimelaget var i føringa 30-14. Fire strake Volda-mål på tampen av kampen gjorde at heimelaget kunne sleppe jubelen laus for 37-17-siger den første seriekampen i 2018.

Volda ligg på 2. plass i 2. divisjon avdeling 3 bak Nordstrand. Søndag slo Nordstrand Sverresborg på heimebane 31-21. Neste helg er spelefri for Volda, men 20. januar og 21. januar er det vanskeleg og viktige bortekampar mot Aker Topphåndball 2 og Nordstrand.

- Vi kan berre tenke på Aker-kampen først. Når den kampen er ferdig kan vi starte å tenke på Nordstrand. Det er berre sånn. Skal vi tenke på Nordstrand-kampen allereie no mistar vi fokuset. Det som alle såg i Voldahallen i dag var hundre prosent fokus på prosjektet. Då kjem dei gode prestasjonane. Tenkjer vi for langt fram kan det skjere seg.

Lone Vik vart kåra til banens beste spelar av ein lokal jury.