G16-laget til Ørsta spelar i Toppserien G16 i Region Nord. I tillegg til mange lag frå Trøndelag spelar Langevåg og Spjelkavik i serien. På dei ti første kampane denne sesongen har det blitt tre sigrar og sju tap for Ørsta-spelarane. Laurdag føremiddag var det klart lokaloppgjer då Spjelkavik gjesta Ørstahallen.

Vertane fekk ein god start på kampen og var i leiinga 3-1 etter fire minutt. Etter ti minutt sette Odin Silseth Tømmerbakk inn Ørsta sitt sjette mål, og auka leiinga til 6-4. Spjelkavik hang med i kampen og heimelaget klarte ikkje å riste motstandaren av seg. Laga følgde kvarandre tett resten av omgangen og gjekk i garderoben på stillinga 11-11.

I staden for eit aggressivt Ørsta-lag i starten på 2. omgang fekk heimepublikummet sjå at Spjelkavik tok initiativet i kampen og var best i banespelet. Midtvegs i omgangen ljoma lyden av kubjeller frå bortepublikummet i hallen då Spjelkavik gjekk opp til 17-13-leiing. Avstanden på fire mål heldt seg mellom laga, og bortelaget hadde trua på å ta sin første siger for sesongen. Ørsta såg litt resignerte ut, men då Ruben Rekkedal Nydahl reduserte til 19-16 vart det tent eit lite håp. Mathias Welle Aam skåra like etterpå før Spjelkavik fekk teljande resultat. Tre Ørsta-skåringar på rad av Silseth Tømmerbakk, Erik Melle Scharning og Welle Aam gjorde at laga var like langt med litt under to muinutt att av kampen. Spjelkavik tok timeout, men klarte ikkje å få ballen bak Jan-Egil Garen i Ørsta-målet. Ørsta tok også timeout, og i det nest siste angrepet i kampen sette Rekkedal Nydahl ballen i mål. Spjelkavik rota vekk sjansen i sluttsekunda til å ta med seg eitt poeng, og dermed kunne Ørsta juble for sin fjerde siger for sesongen.

- Vi hadde eigentleg tru på at dette skulle bli ein grei kamp for oss, men i dag vart det opphenting. Det var lite som fungerte i dag både framover på bana og i det kollektive. Slik var det nesten heile kampen gjennom, men vi fekk snudd det dei siste sju-åtte minutta. Det var akkurat nok i dag, seier Anders Vatsaas som saman med Emil Theodor Bjørdal trenar G16-laget.

Ørsta-spelarane fekk vist litt av kva som bur i laget mot Spejlkavik, men dei har meir inne.

- Det er eit utruleg stort potensiale i denne gjengen, men det er stor forskjell på botnnivået og toppnivået vårt.

Om ei veke er det igjen klart for kamp i Ørstahallen for G16-laget når Heimdal kjem på besøk.