– Vi skal satse på å få full breidde i klubben, og for å sparke i gang vår nye satsing vert det basketballskule første helga i mars, seier styreleiar Daniel Denton.

Seniorlaget til Volda/Ørsta Waves spelar heimekampane sine i Idrettsbygget i Volda, og dette vert også arena for basketballskulen. No håper klubben at alle som er interessert vert med.

– Det vi ynskjer er å tre aldersbestemte lag som skal trene og spele kampar. Basketballskulen er open for alle som er fødde i 2003 og opp til og med elevar frå dei vidaregåande skulane. Det vert inndelt i grupper som passar med tanke på alder og ferdigheiter.

Eit tilbod med aldersbestemte lag i basketball har klubben hatt stor etterspurnad etter, og dei er no glade for å kunne tilby dette.

– Basketballskulen skal bestå av både trening og å ha det kjekt med basketball. I tillegg vert det spelt kampar. Instruktørar vert spelarar frå herrelaget, seier Denton.