Etter ei kamppause på ein månad var det søndag igjen klart for seriekamp for damelaget til Ørsta handball. Laget låg på ein 4. plass i 4. divisjon, men med nokre kampar mindre spelt har dei framleis kontakt med Godøy, Spjelkavik og Isfjorden på plassane føre. Til kampen mot Isfjorden var Jeanett Tangen (tidl. Vestnes/Varfjell) og Synnøve Eikås (tidl. BSI-Handball) speleklare.
Ørsta tok initiativet i bortekampen mot Isfjorden, og gjekk til pause med 18-12-leiing. Gjestene heldt fram med å vere det førande laget i 2. omgang, og leiinga auka. Då sluttsignalet gjekk kunne Ørsta juble for to nye poeng med 30-19-siger.
Ørsta møter Hødd borte komande laurdag.
Kampfakta
Isfjorden - Ørsta 19-30 (12-18)
Ørsta: Helene K. Fagerhol, Jeanett Tangen, Marthe Kile Takseth, Mari Kvien Håskjold, Anne Nedreberg, Nina Hustad, Michelle Holvik, Malin Bjørnås, Signe Medina Welle, Karoline Dyrhol Slenes og Synnøve Eikås.