Medan Vartdal er inne ei god periode med tanke på poengsankinga, stod Åheim med fem strake tap. Det var likevel eit lyspunkt for heimelaget i førre runde med ein jamn kamp mot Sunnylven/Stranda 2. Åheim er kjent for å vere eit vanskeleg lag å møte på Løvold Stadion, men Vartdal fekk ein god start på kampen. 28. minutt ut kampen sette Rolf-Audun Vartdal inn 1–0 for Vartdal, men etter skåringa kom Åheim betre med i kampen. Då det var spelt 45 minutt vart det rot i eige felt, og Jon Andre Thue sette inn utlikninga for heimelaget. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1–1.

Vartdal x4

I andreomgang gjorde Vartdal noko endringar på laga, og justeringane gav resultat. Bortelaget tok igjen kontroll over kampen, og etter 64 minutt sette Vartdal inn sitt andre for dagen. 16 minutt seinare avgjorde han kampen med sitt tredje, og han fastsette resultatet med sitt fjerde mål for dagen, og sitt åttande mål for sesongen, etter 82 minutt. Vartdal innfridde mot Åheim, og klatra oppover tabellen med tre nye poeng.

– Grei gjennomføring

Trenar Kenneth Nydahl seier at det var ei grei gjennomføring av Vartdal på ei i utgangspunktet ikkje altfor enkel bortebane.

– Vi var litt redusert til kampen, men er gode fram til vi tek føringa. Vi er åleine med målvakt 3–4 gonger før vi lagar mål. Åheim er småfarlege på overgangar, og spelar ganske direkte. Etter skåringa er vi frykteleg upresise, og om det er varmen som gjer det veit eg ikkje. Det vert ein klabb og babb situasjon i boksen vår rett før pause, og det resulterer i utlikning, seier Nydahl.

Etter ein roleg pauseprat kom Vartdal på bana som eit anna lag i andreomgang.

– Vi gjer kjapt eit bytte og nokon rokeringar i laget, og det var eit heilt anna lag som var på bana. Vi får 2–1 skåringa ved Rolf-Audun, og 3–1 etter ein fantastisk hælflikk Jostein Bjørlykhaug som opnar heile forsvaret til Åheim, seier Nydahl.

Åtte mål for Vartdal

Rolf-Audun Vartdal var effektiv for Vartdal for to sesongar sidan, men hadde litt måltørke førre sesong. No er han tilbake med åtte mål på seks kampar så langt denne sesongen.

– Han er kvikk for tida, og det er kjekt å sjå at han er tilbake i 2011-forma, seier Nydahl.

Vartdal har ti poeng på sine seks første kampar, og dette er noko som Nydahl ville ha vore nøgd med på førehand av sesongen.

– Vi sett sjansane vår no, men det gjorde vi ikkje mot Sunnylven og Ravn. Vi hadde ikkje tapt desse kampane om vi hadde sett sjansane. Likevel står Ravn med fire strake sigrar på heimebane, og det er ikkje berre som har slite der.