16 vennelag var påmeldt Tilseth-cup i Voldahallen laurdag. Etter innleiande spel og kvartfinaler var det klart at turneringssigeren stod mellom Team G-sport, Larvs, PSV Hangover  og Fiorentina Turner. I første semifinale ordna Yngve Gjerde og Magne Brobakke avansement for Larvs med skåringar i 2-1-sigeren. Team G-sport tok seg vidare frå sin semifinale med 1-0-siger over Fiorentina Turner etter skåring av Atle Driveklepp. I finalen vart det tett og jamt mellom det rutinerte G-sport- laget og Larvs. Det enda med finalesiger 1-0 for Larvs. På vinnarlaget spelte Sveinung Tilset, Yngve Gjerde, Magne Brobakke, Bjørnar Liaksar, Thomas Larhammer, Eirik Toft, Martin Ove Roseth og Yngve Trandal.