I starten var det jamt og midtvegs i omgangen låg Langevåg berre to mål bak. Siste kvarteret var det heimelaget som styrte det meste og kunne gå til pause med 20–11 leiing.

Langevåg opna best etter pause, men klarte aldri å redusere leiinga til Volda med meir enn til sju mål. Som før pause avslutta heimelaget best og kunne gå av bana med 34–22 siger i ein kamp det var divisjonsskilnad mellom laga.

Fine spelartypar

Trenar Kristinn Gudmundsson har mange fine spelartypar i dette laget. Fotrappe Maria Ulla (tidl. Godøy) markerte seg med fleire flotte skåringar som bakspelar. På kanten var Kine Kvalsund god. Ein spennande spelar er 16-åringen Jenny Nilsen som har ein tøff spelestil og som blir betre for kvar kamp på dette nivået.

Neste kamp for 3.-divisjonslaget er mot Molde 2 neste onsdag.

Kampfakta

Volda2 – Langevåg 34 – 22 (20-11)

Volda: Guro Bakke Liaskar, Anita Gaarder, Rita-Kristin Rise 3, Eileen Baumann Jensen 3, Maria Ulla 6, Mari Buckholm 3, Andrea Eikås 3, Karoline R. Helgesen 5, Trine Mork Bakke 4, Jenny Nilsen 2, Kine Kvalsund 5.

Toppskårar Langevåg: Stine Rakvåg Sperre 13

Utvisingar: Volda 2 x 2 minutt, Langevåg 1 x 2 minutt

Domarar: Antoni Vike Danielsen og Morten Berge Digernes.