Ravn stod med tre strake heimesigrar og to bortetap på sine fem første kampar, medan Hovdebygda hadde tre sigrar, ein uavgjort og eit tap på sine kampar. Heimelaget hadde også vore effektive framfor mål, og hadde skåra fjorten mål på sine tre heimekampar. Det vart ein jamspelt førsteomgang mellom laga, men tolv minutt ut kampen tok heimelaget føringa ved Trond Hamre. Hovdebygda hang godt med, og skapte fleire gode sjansar. I det 44. minutt fekk Robert Roseth sitt andre gule kort for dagen, og bortelaget gjekk til pause med ein mann mindre på bana.

3–0 til Ravn

I andreomgang satsa Hovdebygda offensivt for å prøve å få med seg noko frå kampen. Dette gav ikkje teljande resultat, og Knut Egil Lid dobla Ravn si leiing etter 50 minutt. Då det var spelt 74 minutt sette Even Vatneødegård inn 3-0, og kampen var avgjort.

– Ikkje marginane på vår side

Sjølv om det vart tap var trenar Frode Tømmerbakk nøgd med innsatsen spelarane viste, men det vart vanskeleg med ein mann mindre på bana.

– Utvisinga gjorde det veldig vanskeleg for andreomgangen. Det er klart at dette var ein kamp der vi ikkje hadde marginane på vår side. Førsteomgang var jamn, vi skapte fleire sjansar, og vi kunne ha leia til pause. I andreomgang må vi ta sjansen. Enten kaprar vi poeng med å ta risiko eller så vert det eit heiderleg tap. Dei spelarane som var utpå bana blødde for drakta, og det var frykteleg trist at det ikkje var vår dag. Det vart eit fortent tap, men vi må ta lærdom av dette og sjå fram mot kampen mot Sykkylven, seier Tømmerbakk.