Frikøyring og Big Jump på Bondalseidet

Frikøyringa under årets X2-festival, Xfree, vert i år på Veirahaldet og ned mot Trollbotnen. I tillegg vert det Big Jump-konkurranse på Bondalseidet.

I år vert Xfree på Veirahaldet og ned mot Trollbotnen. Frikøyringsansvarleg Terje Stokke oppmodar fleire lokale til å delta i konkurransen. 

Sport

– I motsetning til i fjor så er ikkje Xfree i år ein del av noregscupen, men dei tre første i kvar klasse vert kvalifisert til første NFC-renn i 2014. Sidan det ikkje er noregscup så håper vi å få med enno fleire lokale løparar. Tidlegare har ein måtte søke og vise til tidlegare merittar for å vere med, men slik er det ikkje i år, seier frikøyringsansvarleg Terje Stokke om konkurransen som finn stad fredag 12. april.

Frikøyrarane skal boltre seg i fjellsida frå toppen av Veirahaldet og ned mot Trollbotnen. Gjennom dei siste åra har X2-festivalen samla store delar av norgeseliten blant frikøyrar, og arrangøren håper at desse også vil vere til stades i år.

– Kanskje mange av dei kjem. X2 har vore populært, og vi håper at dei skal kome, seier Stokke.

Enklare logistikk

Når konkurransen no har tilknyting til Ørsta skisenter er logistikken rundt arrangementet enklare enn tidlegare.

– Tilkomsten er enklare, og vêret er meir stabilt her enn på Saudehornet t.d. Vi har innleigde ekspertar som vurderer tryggleiken, og skredgruppa i Volda og Ørsta hjelper også. Tryggleiken kjem først på slike arrangement.

– Tak på seksti deltakarar

Nytt av året er at løparane vil få sjansen til å dømme køyringa til medkonkurrentane.

– Det vi vil prøve å få til er grupper på ti og ti som dømmer kvarandre si køyring. På den måten vil ein forstå meir korleis dømming går føre seg i Noregs- og verdscup. I tillegg vil det vere to dommarar som har mykje erfaring. Vi har sett eit tak på seksti deltakarar til konkurransen, og påmelding skjer via heimesida til X2, seier Stokke.

Både kvalifiseringa og finalen vil etter planen verte gjennomført fredag, men arrangøren har laurdag som ein plan b.

– Finalen vil vere rundt klokka fire fredag. Så det er mogleg å kome seg fram å få med seg litt frikøyring.

Big Jump-konkurranse

I tillegg til frikøyringa og fjelltelemarkrenn vil det også vert arrangert Big Jump-konkurranse på Bondalseidet laurdag.

– Etter fjelltelemarkkonkurransen vert det finale i Big Jump-konkurransen. Parkområdet har vore med å skape eit miljø, og i første omgang er denne konkurransen for den klassa og miljøet som har vorte bygd opp. Det vil skje mykje i eit konsentrert område desse to dagane, seier Stokke.

– Flott av skisenteret stiller opp

Det er Kjetil Kriken som er ansvarleg for Big Jump-konkurransen. Med målgang for fjelltelemark i botnen av skitrekket, og kort avstand til parkområdet treng ein ikkje å ha ski for å få med seg det som skjer. Arrangørane håpar at mange vil legge turen til Bondalseidet både fredag og laurdag, og takkar også Ørsta skisenter.

– Det er flott at skisenteret stiller opp og hjelper til både fredag og laurdag.

Big Jump-konkurransen i Skåla i fjor var eit populært innslag, og i år vert det konkurranse på Bondalseidet.