Eitrefjell telemarkklubb og X2

Arrangerer noregscup i fjelltelemark

Avslutninga i årets noregscup i fjelltelemark vert arrangert i Ørsta. Eitrefjell telemarkklubb samarbeider med X2-festivalen om arrangementet, og gler seg til laurdag 13. april.

Paul Rune ingebrigtsen i Eitrefjell telemarkklubb viser startområdet på Veirahaldet der sesongavslutninga i noregscupen for fjelltelemark skal vere. 

Sport

Deltakarane som kjem til Ørsta får vise ferdigheitene sine i ei løype som startar på Veirahaldet med målgang ved tidtakarbuda på Ørsta skisenter, og totalt skal dei køyre ned om lag 800 høgdemeter.

– Det vert ein kombinasjon av preparerte og upreparerte løyper, og det kan samanliknast litt Super G berre at portane er lengre frå kvarandre, seier Paul Rune Ingebrigtsen i Eitrefjell telemarkklubb som lover eit publikumsvennleg arrangement.

– Opa klasse

For dei som skal delta i noregscupen gjeld diverse reglar. Ein må ha telemarksski med laus hæl, hjelm og sekk som veg tre kilo. Sidan det er avslutning i noregscupen vil skiforbundet vere til stades for utdeling av premier.

– Konkurranseklassa er for dei mellom 22 og 29 år, men andre kan også melde seg på. I tillegg har vi opa klasse der ein kan stille med alpinski eller snøbrett. Det vert same løypa, men ein treng ikkje anna utstyr. Det er likevel ikkje lov å stille med fartsdress, og det skal vere fjellbekledning, seier Ingebrigtsen.

– Største arrangementet for telemarkklubben

For to år sidan vann Terje Stokke (Eitrefjell telemarkklubb) noregscupen, og no håper arrangørane at størsteparten av norgeseliten kjem til Ørsta.

– Dette er det største arrangementet vi har hatt, og vi håper på pluss minus femti deltakarar. Det er på slutten av sesongen, og helga før er det Galdhøgpiggrennet som alle deltek på. Så spørsmålet er om vi klarer å dra dei hit etterpå, seier Ingebrigtsen.

Hadde det ikkje vore for samarbeidet med X2 så hadde det ikkje vorte noko av arrangementet.

– Saman med X2 så har vi mykje meir å by på. Møre og Romsdal stiller sterkt når det kjem til fjelltelemark med sterke miljø på Åndalsnes, Stranda og her. Så dette er spennande for oss.

– Gjer dokke klare

Telemarkklubb har rundt tretti personar som vil jobbe med arrangementet, og har også med seg Ørsta Røde Kors.

– Vi trur at dette vil verte ein bra dag på Bondalseidet. Dagen før fjelltelemarken er det Xfree i same område, og kanskje vil ein del av dei som er med der stille også dagen etterpå, seier Ingebrigtsen.

Sjølv om arrangementet er ein del av noregscupen påpeiker likevel arrangøren at det er låg terskel for å vere med i konkurransen, men ein må ha litt skiferdigheiter.

– Vi oppfordrar folk til å gjere seg klare, og kome i form. Vi kan love at det er kjekt å vere med. Mange av fjelltelemarkrenna er i nærområdet av Ørsta med Alperittet i Stranda, Galdhøpiggrennet og arrangementa i Åndalsnes. Den lengst køyringa er tre timar til desse renna.

– Vi gler oss

Telemarkklubben kryssar fingrane for flott vêr og gode tilhøve renndagen, og oppmodar folk til å ta turen til skifesten.

– Til meir vi snakkar om arrangementet, til meir gler vi oss, avsluttar Ingebrigtsen med eit smil.