Sterk innsats i Alperittet

Laurdag vart det tradisjonsrike Alperittet arrangert i Stranda, og dei lokale deltakarane frå Eitrefjell Telemarkklubb markerte seg med sterke prestasjonar.

Eitrefjell Telemarkklubb markerte seg med gode prestasjonar under Alperittet laurdag. Bak f.v. Terje Stokke, Paul Rune Ingebrigtsen, Sigurd Drege (Alperitt general) Per Endre Woldsund og Rune Lied. Framme f.v. Astrid Bjørdal, Reidun Tvergrov og Birgitte Bjørdal.  

Sport

Laurdag 23. februar reiste Eitrefjell Telemarkklubb til Stranda i lag med en rekke elevar frå ekstremsportlina på Møre Folkehøgskule.

Årets Alperitt var lagt om grunna snømangel. Starten gjekk som vanleg frå toppen av Roalden, men årets målgang var nede ved starten av alpinanlegget.

Dette var ei veldig god erstatning for den tradisjonelle trasen som går heilt ned til sentrum. Årets utgåve av Alperittet var velsignet med kjempeflott vintervær med strålande sol og fine forhold, sjøl om snømengda var avgrensa.

Seks pallplasseringar

Som vanleg markerte Eitrefjell Telemarkklubb seg som den mest markante klubben i rennet. Seks pallplassar og andre gode plasseringar var fasiten. Birgitte Bjørdal køyrde ned til den beste tida av alle damene i telemarkklassa, og vann også klassa D 22–29 år. Astrid Bjørdal gjekk også til topps i telemark D 30–39 år, og Terje Stokke vann telemark G 22–29 år. Caspar Lerheim køyrde inn til femteplass i G15/16, og Reidun Tvergrov tok andreplassen i telemark D 40–49 år. I H40-49 år var Paul Rune Ingebrigtsen best av ETK sin løparar med andreplass, med Rune Lied og Tov Lerheim på fjerde- og femteplass. Per Endre Woldsund køyrde inn til andreplass i telemark H50+. I tillegg så tok Eirik Loftesnes andreplassen i alpint H30-39, og han stilte til start i lag med 8–10 elevar frå folkehøgskulen.

Avsluttar sesongen på Veirahaldet

No ventar Skarvenrittet og Galdhøpiggrennet for løparane i telemarkklubben før sesongen vert avslutta med fjelltelemarkrennet frå Veirahaldet under X2-festivalen 13. april. Med dei gode resultata i Alperittet kan ein kanskje vente at løparane også leverer på heimebane i sesongavslutninga.

Rune Lied køyrde inn til ein fjerdeplass i klassa telemark H 40–49 år.