Sterk tredjeplass til Ingvill i nasjonal konkurranse

Ingvill Kleinrath frå Volda tok ein sterk tredjeplass på Lillehammer.

Ingvill Kleinrath (t.h) kom på pallen på Lillehammer.  Foto: Privat

Sport

Ingvill Kleinrath frå Volda representerte denne helga Sunnmørsk Klatreklubb under nasjonal buldrekonkurranse for juniorar. Der klatra ho inn til ein sterk 3. plass i klassen ungdom C (12-13år). - -- Det er eit resultat som er særs godt med tanke på at konkurrentane kjem frå ulike klubbar i heile Noreg. Vi i SKK gratulerer Ingvill med ein solid prestasjon, heiter det frå Sunnmørsk klatreklubb.