Tora på årets lag og i landslagstroppen

Tora Ose har fått plass på årets unge lag i Toppserien og skal på landslagssamling med J19-landslaget.   Foto: Privat

Sport

Tora Ose og Arna Bjørnar har avslutta årets sesong i Toppserien. Ørstingen har etablert seg i laget som enda på 5.-plass på øvste nivået i norsk kvinnefotball. Totalt vart atten kampar og tre mål for Ose denne sesongen. Fleire gongar har ho blitt plukka ut til rundens lag i Toppserien. Kvinnefotballmagasinet har kåra årets unge lag i Toppserien. Der har 18-åringen fått plass i midtforsvaret.