Åmdal-siger i lokaloppgjer

– Vi vann fortent

Audun Lillebø skåra tre av måla for Åmdal i 4-2-sigeren mot Vartdal.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Måndag kveld tok Åmdal imot Vartdal til lokaloppgjer på Legene. Kampen i 6. divisjon for herrar har blitt flytta fleire gonger denne hausten, men måndag vart den gjennomført. Heimelaget gjekk til pause med 2-1-leiing. Etter kvilen utlikna Karsten Aarset til 2–2. Den andre skåringa i kampen for Aarset. Kampen var jamspelt, men Åmdal slo tilbake med to kjappe skåringar. Dermed vart det 4-2-siger for Åmdal. Audun Lillebø (3) og Markus Hallaråker skåra måla for Åmdal.