Birkebeinerrittet:

Historisk siger for Grete

Grete Krøvel Liaskar vart laurdag den første ørstingen med klassesiger i Birkebeinerrittet. Her saman med leiar Tov Lerheim i Ørsta sykkelklubb og Ben Erik Sira som sykla inn tid til rekordtid for ein Ørsta-syklist.  Foto: Eldar Høidal

Sport

Større idrettsarrangement er mange som har venta på å få delta i. Laurdag vart Birkebeinerrittet arrangert med start på Rena og målgang på Lillehammer. Gjennom mange år har lokale syklistar teke del. Slik var det også i år. Etter målgang var det spesielt ein person som vart overraska. Grete Krøvel Liaskar høyrde namnet sitt over høgtalaranlegget og vart utropt som vinnar av klasse 60–64 for kvinner. Ho vart dermed den første ørstingen med klassesiger i terrengsykkelløpet.