Hovdebygda tok årets første siger

– Ein solid kamp

Edin Ribic, Bjørnar Holen (2), Frank Ristesund og Daniel Reza Malakzadeh skåra Hovdebygda sine mål fredag kveld.  

Sport

I dei to første seriekampane i 4. divisjon har Hovdebygda levert gode prestasjonar, men det har ikkje blitt poeng. Borte mot Herd og heime mot Sif/Hessa har det blitt tap. Fredag reiste Hovdebygda til Uggedal stadion for å spele kamp mot Norborg/Brattvåg 2 på naturgras og det enda med 5-3-siger for bortelaget.