Handballherrane klare for cupfest på heimebane

Herrelaget til Ørsta IL handball har ikkje spelt ein offisiell kamp på godt over eit år. Laurdag er dei klare for å underhalde heimepublikummet når Bergsøy kjem på besøk i cupen.

På plass i Ørsta: Ivan Sentra og Johan Stette Pettersen er to av dei nye spelarane til Ørsta.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Ørsta handball er i startgropa på eit spennande prosjekt. Tidlegare i år vart kroatiske Tihomir Baltic henta inn som hovudtrenar på herresida. Klubben har eit frisk mål om å bli den leiande handballklubben på Søre Sunnmøre. Laurdag håper dei på fullsette tribunar innanfor koronarestriksjonane og at det blir ein skikkeleg cupfest når Bergsøy kjem på besøk i første runde.