– Eg likar 400 meter – og hekk

– Eg likar å springe 400 meter. Og eg likar å hoppe hekk, fortel Anton Øye, ein av dei unge deltakarane på friidrettsskulen til friidrettsgruppa i Ørsta IL denne veka.
Sport

Frå måndag til og med onsdag samla friidrettsgruppa 38 deltakarar frå åtte til tolv år på friidrettsskule. Det er tiande gongen friidrettsgruppa arrangerer ein slik skule i sommarferien.