Volda fekk testa seg mot fleire eliteserielag

Det vart tøft for Volda under «Skjærgårdslekene» i Tønsberg. Fire kampar vart fire tap for 1.-divisjonslaget.

TØFT: Andrea Jenset og Volda handball fekk det tøft under «Skjærgårdslekene» i Tønsberg i helga. Det vart fire tap på fire forsøk. Her frå treningskamp mot Molde for eit par veker sidan.   Foto: ALEKSANDER SVENDSEN, Sunnmørsposten

Sport

Sunnmørsposten: Trass fire tap meiner Volda-trener Halldor Stefan Haraldsson at det var ei god læring for Volda. Tre av kampane var mot eliteserielaga Tertnes, Fredrikstad og Storhamar, medan den siste kampen var mot Volda sin divisjonskollega Gjerpen.