Ørsting til Viking

Odin Silseth Tømmerbakk har lenge spelt for Ørsta, men melder no overgang til TIF Viking i 1. divisjon  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

– Odin si utvikling har ført til interesse frå klubbar på høgare nivå, skriv Ørsta Handball på heimesida si.

Gjennom heile oppveksten har Odin Silseth Tømmerbakk spelt handball for Ørsta IL. No melder han overgang til 1. divisjonslaget TIF Viking frå Bergen.

Tømmerbakk har vore ein del av laget sidan oppkøyringa til sesongen starta i mai. Der har dei også spelt to treningskampar mot Fyllingen Bergen.

Spelaren fortel til Ørsta handball at han har hatt det veldig bra i Bergen dei to første månadene, og at han sklir godt inn i spelargruppa. Grunnen til at han bytta klubb, var for:

– Å få meir erfaring og å utvikle meg. Målet mitt er å bli så god som mogleg. Eg føler dette var riktig avgjerd.

Han er likevel takknemleg for tida han har hatt i Ørsta.

– Det er litt vemodig å forlate ei så god spelargruppa og kompisgjeng, men etter 11 år i klubben er eg klar for ei ny utfordring, seier han til Ørsta Handball.

TIF Viking spelar sin første kamp i sesongen 18. august mot Sotra.