Idrettstalentet Kristine gjer comeback

– Hadde det ikkje vore for fotballtrenaren min så trur ikkje eg at eg hadde vore idrettsutøvar i dag. Alt er rein tilfelle.

Starta i Hovdebygda: Karrieren byrja på ei fotballtrening i Hovdebygda, der Eikrem Engeset synte ferdigheiter ho ikkje var klar over at ho hadde.   Foto: Samuel Hafsahl

Sport

Sidan mellomdistanseløparen Kristine Eikrem Engeset var ei lita jente har det vore viktig for henne å halde seg i aktivitet. Det byrja med fjellturar og jogging, men det var først på ei fotballtrening i Hovdebygda 33-åringen vart lagt merke til som eit stort løpetalent.