Etter tre forsøk på å kome seg på stemne tok turngruppa saka i eigne hender

Jenny Flusund Skarstein i svingstonga.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Koronapandemien har gitt oss restriksjonar som har gjort det vanskeleg å gjennomføre arrangement. Turngruppa i Ørsta IL fekk pandemien i fanget ikkje så lenge etter at dei starta opp. Sidan mars i fjor har ikkje dei lokale turnarane kunne ta del i konkurransar. Dei har vore påmeldt eit stemne i Molde, men det har blitt utsett tre gonger. Difor vart det bestemt at Ørsta IL turn skulle gjennomføre sitt eige stemne. Laurdag var det både spente turnarar og foreldre som hadde samla seg. For mange av turnarane var dette den første konkurransen, og sidan foreldre ikkje har kunne vere på treningane fekk dei sjå kva ungane har lært og terpa på gjennom fleire månader.