Ørsta-trenarane Elin og Svein-Egil fekk innsatspokalar

Trenarane Svein-Egil Johannessen og Elin Opsal har begge hatt langvarig og allsidig innsats for friidretten i Ørsta. Dei fekk innsatspokal som takk frå årsmøtet til Ørsta IL.   Foto: Hjørdis Almelid Vikenes

Sport

Årsmøtet til Ørsta Idrettslag (ØIL) delte måndag 7. juni ut to innsatspokalar til friidrettstrenarane Elin Opsal og Svein-Egil Johannessen for deira gode og allsidige innsats for idretten i Ørsta.