Frå midnatt vert det opna for treningskampar

Treningskampar: Frå midnatt kan lag i den aldersbestemte idretten spele kampar på tvers av kommunegrensene i Sju-stjerna.  Foto: Joachim Åsebø/Illustrasjonsfoto

Sport

Sist veke vart trinn to i gjenopningsplanen til Regjeringa sett i verk. I dei nasjonale råda kan lag i den aldersbestemte idretten, som ikkje har motstandar i kommunen, spele kampar på tvers av kommunegrensene. Nokre kommunar i Sju-stjerna valde å opne opp for kampar på tvers av kommunegrensene, medan Volda, Vanylven, Ulstein og Ørsta bad idretten om å følgje dei nasjonale råda. Måndag hadde ordførarane i Sju-stjerna møte.