Islandsk juniorlandslagspelar til Volda

Katrín Tinna Jensdóttir har i dag signert for Volda Handball kor ho tek sikte på å bli i minst dei neste to åra.

Katrín Tinna Jensdóttir  Foto: Volda handball

Sport

Katrín Tinna er fødd i 2002, og har dei siste to åra spelt med Stjarnan i eliteserien på Island. Ho har tidlegare spelt for Fylkir som er same klubb som spelar Thea Imani Sturludóttir og Halldór Stefán Haraldsson kom i frå til Volda, heiter det på Volda Handball sine heimesider.

Halli: - Katrín Tinna er ein 180 cm høg strekspelar, og har i tillegg utvikla veldig spennande forsvarseigenskapar. Ho er juniorlandslagspelar for Island og har trass sin unge alder også vore tatt ut i A-landslagstroppa. Eg trur ho kjem til med å utvikle seg fort i Volda, og dette blir ein av de unge spelarane som vi kjem til å legge merke til dei komande åra.