Volding er ferdig i Tyrkia og klar for Dei sameinte arabiske emirata

Jonas Kvalen sin sesong i Tyrkia vart ikkje som planlagt. No er han på plass i Dei sameinte arabiske emirata og klubben Al Ain.

Ny klubb:Jonas Kvalen frå Volda har tidlegare spelt for Greenyard Maaseik (som på bildet). No er han ferdig i Tyrkia og Tokat, og har flytta til Dei sameinte arabiske emirata og klubben Al Ain.  Foto: CEV.EU

Sport

– Det er eigentleg greitt å bli ferdig. Det har vore ein merkeleg sesong utan publikum, fleire utsette kampar og der omtrent alle har hatt korona. Det har vore som ein sesong full av treningskampar, seier Kvalen til Sunnmørsposten.