Nederlandsk målvakt klar for Volda

– Har alt som vi er ute etter i ei målvakt

Nederlandske Hante Hamel har signert for Volda handball.

Hante Hamel blir den nye målvakta til Volda handball.   Foto: Pressefoto

Sport

– Hante har alt som vi er ute etter i ei målvakt. Ho er ung, flink å lese spelet, sterk i 6m-sjansar, og med gode langpasningar. I tillegg så har ho ein enorm vilje til å utvikle seg til å bli betre. Hante verkar veldig hyggeleg, og har gjort eit godt inntrykk på oss i klubben, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson om den nye signeringa til Volda handball sine heimesider.