Hentar to nye spelarar

Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Volda handball skulle etter planen gå i gang att med seriespelet søndag, men toppidretten fekk ikkje klarsignal frå regjeringa fredag. Dermed er dei to komande 1. divisjonskampane utsett. Hadde det blitt kamp i den nye idrettshallen i Volda søndag hadde rumenske Isabela Maria Rosca vore i spelartroppen. Målvakta er lånt ut frå Tromsø resten av sesongen. Svenske Hanna Edvardsson har vore Volda sin beste spelar denne sesongen, men målvakta er ikkje heilt skadefri.