Her jublar den tidlegare Volda-målvakta for skåring og siger

I toppkampen mellom Volda og Follo onsdag kveld var det gjestene som festa grepet om kampen. Volda kjempa hardt, men klarte ikkje å hente inn forspranget.

Follo-målvakt Hilde Søyseth leverte ein god kamp mot gamle lagvenninner i Volda.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Vi byrja kampen bra sjølv vi bommar på to straffer og ei kontring i løpet av dei første minutta. Vi burde ha vore i leiinga, men så kom ei dårleg periode med tre feilpasningar på eitt minutt og Follo tek leiinga. Der hamna vi bakpå og var der heile kampen. For oss vart det vanskeleg. Vi hamna fire mål bak og då er det vanskeleg å kome tilbake mot eit så bra lag, sa Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson etter å ha sett Follo slå Volda 27–22 på heimebane.