Stor langrennsaktivitet

– Å kor kjekt. Godt å kome seg ut i friskt vintervêr

Barneskirennet Sparebank 1-cup vart arrangert på Bondalseidet i fint vintervêr tysdagskveld.

God deltaking: Første trimrenn og Sparebank 1-cup vart arrangert på Bondalseidet tysdag. Foto: Guttorm Øye 

Sport

Vi høyrde kommentarane: «Å kor kjekt. Godt å kome seg ut i friskt vintervêr»

Og det vart ein skikkeleg fin vinterkveld på Bondalseidet. Litt friskt med lett snøfall, og av og til eit vindkast så snøen kvervla litt opp. Men ingen klaga på det. HIL hadde lagt vekt på smittevern, slik at berre ein av foreldra var med. Og det vart oppmoda om å halde avstand og det vart gjort. Som det vart sagt ein stavlengdes avstand.

Alle som melder seg på, får startnummer som barnet får til «odel og eige» og skal ta med på alle skirenna i år. HIL tek sikte på å arrangere 6 slike renn.

Rennet tysdag var utan tidtaking. Seinare kan det verte tilbod om renn med tidtaking for den som ønskjer det.

Neste skirenn vert tysdag 19. januar, Bondalseidet langrennsstadion, Ørsta skisenter. Opplyst gangveg på 150 m ned til skiløypa.

Premieutdeling når sesongen er over.