– No startar skisesongen for alle

Hovdebygda IL langrenn har fått grønt lys for trim- og cuprenn på Bondalseidet.

Trimrenn: Tysdag 12. januar vert det først trimrennet og Sparebank 1-cup arrangert på Bondalseidet. Arkivfoto 

Sport

– Vi er klare tysdag denne veka. Den nødvendige godkjenninga er på plass frå kommuneoverlegen. Snøen er på plass og då går vi gang med trimrenn og Sparebank 1-cupen, seier Bjørnar Øye i langrennsgruppa.

Hovdebygda IL langrenn har allereie arrangert KM med minimalt med snø. Etter snøfallet i helga er det no gode langrennsforhold på Bondalseidet. Grunna koronarestriksjonar vert det nokre tilpassingar samanlikna med tidlegare arrangement.

– Det første rennet vert utan tidtaking. Vi kjem heller ikkje til å dele ut saft til deltakarane. Alle ungar får startnummeret til odel og eige. Dei kan dermed bruke det i fem andre planlagde renna. Då må vi ikkje samle inn startnummer etter målgang og unngår kontakt med kvarandre. Alle som tek del må og registrere seg med QR-kode på mobilen for eventuell smittesporing. I tillegg er det ei grense på ein føresett per deltakar, seier Øye.

Langrennsgruppa oppmodar folk om nytte seg av langrennsforholda no.

– Og vi oppmodar alle aktuelle aldersgrupper til å vere med på skirenn.