VG melder fredag at Brann har lagt inn millionbod på voldingen Sivert Heltne Nilsen. Midtbanespelaren vart henta av far Lars Arne Nilsen til Bergen frå Vålerenga i 2015. Etter åtti kampar og seks skåringar gjekk turen vidare til danske Horsens. I 2019 vart 29-åringen henta av svenske Elfsborg.
Voldingen fekk kapteinsbindet for laget som enda på 2.-plass i Allsvenskan i fjor og har vore ein nøkkelspelar. Heltne Nilsen har tre år att av kontrakten med Elfsborg. I tillegg skal det svenske laget ut i europacupspel.
Ifølgje VG skal partane stå langt frå kvarandre, men Heltne Nilsen står høgt på ønskelista til Brann-trenar Kåre Ingebrigtsen.