Landlagsmålvakt på klubbjakt

Engelsk interesse for Nyland

Norwich skal vere interessert i Ørjan Håskjold Nyland.  Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sport

Ørjan Håskjold Nyland og Aston Villa vart i fjor samde om å terminere kontrakten. Den kontraktslause morkabygdingen er på klubbjakt. TV2 melder at lokalavisa Pinkun.com i Norwich skriv at Norwich skal vere interessert i den norske landslagsmålvakta.

– Kanarifuglane sin reservekeeper Michael McGovern er skadd. Tabelleiaren i Championship vil difor ha ein konkurrent til Tim Krul i målet, men kan ikkje garantere at Nyland blir førsteval. Andre klubber i Championship skal også vurdere Nyland, skriv TV2.