Avlyser arrangement og har digitalt kretsting

Futsal: Den komande futsalrunden i Gomerhuset og Usteinhalen er utsett/avlyst. Her frå futsalturnering i Ørstahallen. 

Sport

Sunnmøre fotballkrets har bestem seg for å avlyse eller utsette alle arrangement fram til tidlegast 18. januar. Dette gjeld følgjande arrangement.

  • Futsal:
    Futsalrunden som er sett opp 16.- og 17. januar i høvesvis Gomerhuset og Ulsteinhallen er utsett/avlyst. Dette gjeld for klassene G10, G12, G13, G14, J10 og J15.
  • Satellittnivået 12 år:
    Planlagde aktivitetar i de ulike satellittgruppene blir utsett/avlyst i perioden fram til 18. januar.

  • By- og kretslagsaktivitet:
    Planlagde aktivitetar på de ulike by- og kretslag blir utsett/avlyst i perioden fram til 18. januar.
  • NFF Grasrottrenarutdanning:
    Oppstart av ulike delkurs vert ikkje gjort før tidlegast i slutten av januar.

  • Andre trenarkurs:
    Invitasjon vil bli sendt ut fortløpande i januar – men oppstart tidlegast i februar.

  • Andre møtearenaer trenarutvikling:
    Invitasjonar kan bli sendt ut fortløpande i januar.

  • Dommar:
    For dommar og seriespel har ikkje dei nye restriksjonane noko påverknad på planlagde dommarsamlingar, sidan det ikkje er planlagt nokre samlingar før tidleg i februar.

Kretstinget skulle etter planen bli arrangert 9. januar. I staden for fysisk oppmøte blir det digitalt kretsting.