Minimalt med snø på Bondalseidet

Kjempa seg til gull og sølv

– Skulle skirennet etter planen blitt arrangert på måndag hadde det ikkje blitt gjennomført, men her var akkurat nok snø til å gå i gang.

Sølv: Dorthea Gretland på veg mot mål og sølvmedalje i krinsmeisterskapen i klassisk stil. Lagvenninne Mia Vatne Aa tok bronsemedaljen. 

Sport

Renneleiar Dag Jarle Aa frå Hovdebygda IL langrenn med fleire stod på i timane før start for å gjere forholda på Bondalseidet så gode råd søndag. Krinsmeisterskapen i klassisk stil stod på programmet. Med snøfallet tidlegare i veka såg det ut til å bli gode forhold, men mildvêret fredag og spesielt laurdag gjorde at det kvite gullet smelte fort for langrennsgruppa. Søndag ettermiddag var i overkant av femti deltakarar frå heile Møre og Romsdal klare på start og kjempe om KM-medaljane.